Beskrivelse
Bygda Hjartdal er ei av tre bygder i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal. Hjartdal ligg langs E 134, 16 mil frå Oslo, mellom Notodden og Seljord, - i hjarta av Telemark! Under eit bygdemobiliseringsprosjekt kalla ”Eldhusprosjektet” (2003-2006) oppstod omgrepet Hjartdalsbygda, eit grep for å skilje bygda frå kommunen. Hjartdalsbygda er fyrst og fremst kjend for sitt særeige og frodig kulturlandskap. Me har nærbutikk, bensinstasjon, traktorverkstad med utsalg av landbruksutstyr, og Hjartdal Turist- og Bygdesentral.
Hjartdal Turist- og Bygdesentral (på folkemunne, Bygdesentralen) har etter kvart utvikla seg til ein liten næringshage, der m.a. Frivilligsentralen, Kulturlandskapssenteret og andre har kontorlokale. Her kan du få hjelp til å finne fram i bygda med eit særeige kulturlandskap og levande tradisjonar. Døme på tilbod og aktivitetar i bygda;
- overnatting i gamle gardstun
- sal av tradisjonsmat og servering i gamle stuger
- utsal av tradisjonshandverk
- vandring i gamalt kulturlandskap
- stulesbesøk og andre utmarkstilbod
- pakketilbod for både små og store grupper
- Slåttefestivalen
- Fiske Aure i Hjartdalsfjella? (Klikk på linken for å kjøpe fiskekort)
Sted
Hjartdalsvegen 762



