Beskrivelse
Vakre Fjærland er staden der Sognefjorden og Jostedalsbreen møtest. Kvite og blå brearmar heng nedover dei stupbratte fjellsidene, og turistar seier at dette er den vakraste brebygda i heile verda. Fjærlendingane er sjølvsagt samde i det! Bygda med sine om lag 280 innbyggjarar er offisielt ein internasjonal bokby, med 10 originale bokutsal som tidlegare har vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.