Skreddarhaugen ligg oppe i bakken aust for Husaby. På museumsområdet finst ei stue frå ca 1750, ein låve frå 1600-talet, to bur og pumphus. Bygningane inneheld interessante gjenstandar frå kvardagsslit og høgtid – slik ein kan tenkje seg det var på ein liten gard i Skaun fram mot 1900-talet. Lokalhistorisk utstilling I kjellaren i Fleirbrukshuset på Venn, like ved Skaun kyrkje, har museet ei utstilling som gjennom plansjar, foto og gjenstandar, viser sentrale sider av historia i bygdene i Skaun. Råbygda skule Skulen er frå 1878, og ligg på Melby, ca. 5 km sørvest for Venn. Bygningen har eitt klasserom, og i tillegg ein liten lærarbustad. Her kan ein drøyme seg tilbake til "ein skuledag i gamle dagar". Skaun bygdamuseum har som formål å bevare kulturminne i heile Skaun kommune. Museet er ein sjølvstendig organisasjon som er underlagt Skaun historielag. Skaun kommune har ein representant i styret. Vil du besøke museet, kontakt Hallgerd Aune, tlf. 72 86 48 84.
Beskrivelse
Skaun bygdamuseum består av garden Skreddarhaugen, ei museumsutstilling på Venn og Råbygda skule frå 1878.
Sted
Rådhusvegen 10



