Beskrivelse
Eit museum i hjartet av nasjonalparkane
13 tømmerhus frå 1700– og 1800–talet er samla i friluftsmuseet. Husa er reist etter mønster av ein gamal fjellgard med inntun til folka og uttun til dyra. Husa er henta frå ulike garder i Lesja. Heile livet til folk utspela seg på gardstun som dette. Her vart dei fødd, her arbeidde dei, og her anda dei ut.
Da var gjenstandar og hus som måtte takast vare på i bygda, og dette vart starten for Lesja bygdetun. Lesja Heimbygdslag vart stifta 13. desember 1957, seinare omdanna til Lesja historielag som dreiv museet til Musea i Nord-Gudbrandsdalen vart etablert i 2003, i 2008 fusjonert til Gudbrandsdalsmusea AS. Det er nå ei eigarstifting som eig husa, anlegget og samlingane, medan Gudbrandsdalsmusea er driftsansvarlege.
Kvar sommar er fleire hundre friviljuge i sving på museet. Dei bakar i eldhuset, smir i smia, syr bunadar i Nestandestugu og syner fram anna husflidsarbeid i Bellestugu. Der kan du òg sjå etter «daudingholet» i veggen, eller kjøpe deg ein kopp kaffi og ei vaffelkaku. Om du er heldig, treff du på den innpåslitne mannen dei seier går att her i stova.
Tør du ikkje gå inn, kan du heller helse på dyra på tunet eller ta deg ein tur i kornmagasinet eller fargeriet. Tunvertane syner deg rundt og har mang ei sann skrøne å fortelje deg.
Husa rommar òg skiftande utstillingar. I år har vi blant anna ei billedvevutstilling etter Rakel Onsum Berg, utstilling av gamle trykkblokkar i fargeriet, ei utstilling om tømmerfløyting og ei sjukepleieutstilling i 2.etasje i Bellestugu.
Sted
Kyrkjevegen 91



