Ivar Aasen-tunet

Kontakt 70 04 75 70
Opprettet av

Beskrivelse

Fleire tusen menneske har i over hundre år kome til Ivar Aasen-tunet for å oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Kvar dag finst nye opplevingar i tunet midt mellom Ørsta og Volda.

 

Midt mellom Ørsta og Volda, tett på E39, men litt for seg sjølv oppi åsen, ligg Ivar Aasen-tunet. Bygningen er enkel å kjenne att. Bak betongveggane og i landskapet omkring kan alle oppleve kva skrift og språk tyder for folk, og ungar kan leike seg med ord. Fleire gonger i året samlar store folkemengder seg til konsertar og opplesingar i tunet.

Skrift endrar verda  
Ingen skreiv norsk då Ivar Aasen vaks opp. Det var dansk dei lærte på skulen, las på biblioteket i nabogrenda og song i kyrkja. Dei fleste skriftspråk er utvikla og tufta på éin dialekt åleine, medan nokre få er utvikla på grunnlag av fellesnemnarane mellom mange dialektar. Ivar Aasen meinte det siste var det beste for dei som snakka norsk. På den måten ville språket samle landet, i staden for å seie at éin del av landet var viktigare enn ein annan. 

Arbeidet Ivar Aasen gjorde har endra Noreg. Det har vore med på å gi dialektane plass i det offentlege rommet. Folk flest kan snakke dialekt på skulen, i arbeid, i butikken og i møte med styresmaktene. Det har også vore med på å gi forfattarar, journalistar og vitskapsfolk eit språk å skrive på som er nært slik dei tenkjer.

Det finst tusenvis av språk i verda. Nynorsk er eitt av skriftspråka. I Aasen-tunet kan du sjå korleis skrift pregar historia, verda og liva våre. 

Spennande arkitektur
Hovudbygningen frå år 2000 er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid. Vi har eigne arkitekturomvisingar om sommaren.

Ting som fortel 
Ivar Aasen-tunet er det eldste personmuseet i Noreg. Allereie i 1898 opna dørene for første gong, og du finn fem bygningar frå fire hundreår i tunet. Du kan sjå boksamlinga til Ivar Aasen med bøker på fleire språk, møblane og gjenstandane frå der han budde i Oslo, og gjenstandane han hadde med på reise frå Lindesnes i sør til Tromsø i nord. 

Lurivar bur i tunet
Tunkatt og ordspion Lurivar har sin eigen hems med bøker og aktivitetar. I sommarsesongen tek han borna med på tur i utstillinga og funderer over stort og større saman med dei. Dei dagane han er på farten og samlar fleire ord, passar han likevel på å vere representert i tunet, på sitt eige smålåtne, framfuse kattevis. 

Arrangement og festival 
Ivar Aasen-tunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til både vaksne og barn. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i juni, ei årleg feiring av nynorsk språk og litteratur. Her får du alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, gode samtalar og debattar, kunstutstilling og barnearrangement. I over 140 år har Ivar Aasen-tunet vore stemneplass og møteplass for språk, litteratur, politikk og musikk. Den tradisjonen held vi i hevd. 

Butikk, kafé og utleige 
I butikken vår finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk litteratur for både ungar og vaksne.  

Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagd stad for å nyte ei god bok eller ferske aviser. Vår eigenproduserte «Tunpølse frå Åsen» kan du også kjøpe med heim. 

Vi nyttar arenaen vår til å formidle nynorsk språk og litteratur. Salen, kafeen og uteområda blir leigde ut til konferansar, seminar, konsertar, teaterframsyningar, konfirmasjonar, dåpsfeiring og mykje anna.

Kildetekst: fra stedets egne nettsider.

Sted

Ørsta, Møre og Romsdal
Indrehovdevegen 176

Annonsedetaljer

Annonse-ID 2838
Vist 469
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Museum og Lignende

Se og kjøp denne utrolig kvalitets prosjektor!

Reise TV i liten format!

Tidevann

Besøk

Vi har 917 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.