De Heibergske Samlinger

Kontakt 57 67 82 06
Opprettet av

Beskrivelse

Musea i Sogn og Fjordane ynskjer velkomen til deg og dine på våre museum frå 1. og 2. juni. Vi er glade for å kunne opne for publikum etter å ha vore stengd ned på grunn av korona-pandemien.

Opninga er tilpassa dei rådande retningslinjene frå offentlege helsemyndigheter, som inneber tiltak for å hindre risiko for korona-smitte. Kvar avdeling har ein eigen smittevernansvarleg og alle tilsette har fått opplæring i smittevern. Vi aukar reinhald og passar på avstand. Avgrensa kapasitet vil kunne føre til at noko av tilbodet ikkje er som normalt.

Vi vil også opplyse om at det kan oppstå situasjonar som gjer at vi må stenge tilbodet på avdelingane våre med kort varsel. Vi tilrår at du held deg oppdatert på nettsidene og Facebooksidene til det museet du har tenkt å besøkt for informasjon om dette.

For å du skal ha en eit godt og trygt besøk hjå oss, er vi avhengig av at du som er på besøk og vi som er tilsett har eit godt samarbeid under opphaldet. På førehand vil vi opplyse om følgjande:

• Om du er sjuk, også med lette luftvegsinfeksjonar eller feber så ber vi deg om å halde deg heime og heller kome til oss når du er frisk igjen. Dette gjeld sjølvsagt også om du er i isolasjon eller karantene.

• Vi ber deg om å bruke handsprit når du kjem til museet og vask hendene ofte under besøket. Handsprit er plassert ut ved inngang og i fellesområde. Ta gjerne med din eigen handsprit om du skal bruke større delar av området.

• Hald minst 1 meters avstand til tilsette og andre besøkande ved museet (dette gjeld ikkje om du kjem i ei gruppe frå same husstand).

• Tal personar i husa og i bygga våre er avgrensa for å overhalde kravet om avstand, dette vil variere frå stad til stas og bygg til bygg. Bygga vil vera merka med eit makstal på kor mange personar som kan vera inne i dei på ei gong. Dette kan føre til noko ventetid.

• Vi tilbyr kontaktlaus betaling og Vipps, vi tek ikkje i mot kontantar i sommar.

• Besøkande som skal være med på omvisingar eller deltek på eit arrangement må vi be om kontaktinformasjon. Informasjonen er vi pålagt å samle inn i samband med ein mulig smittesporingsituasjon. Vi har gode rutinar på dette, og informasjonen vil bli sletta etter 10 dagar.

• Ikkje ta unødvendig på gjenstandar i utstilling og i butikk.

• Det er ikkje sjølvbetening i kafé – vi serverer deg.

• Vi tek imot skular og barnehagar etter avtale. Er de ei større gruppe, forhandsbestill gjerne på museet du har tenkt å besøke via telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du på museet si heimeside.

• Følger du ikkje smittevernhensyna kan vi be deg om å forlate området.

Sted

Sogndal, Vestland
Mannhellervegen 643

Annonsedetaljer

Annonse-ID 2840
Vist 341
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Museum og Lignende

Se og kjøp denne utrolig kvalitets prosjektor!

Reise TV i liten format!

Tidevann

Besøk

Vi har 1441 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.