Plassabakeriet Gjestehavn

Kontakt +47 908 60 803
Opprettet av

Beskrivelse

Plassabakeriet blei bygd i 1842 av Georg Gautesen. Vikevik hadde landhandel og bøkkerverkstad i tillegg til bakeriet, og kundane var i tillegg til å vere lokale folk, fiskarar. Når fiskarane skulle på brislingfiske kjøpte dei med seg ei heil tønne med brød.

Dei som arbeidde i bakeriet var bakarmeisteren, ein lærling og ein ekstra hjelpar av og til. Den siste lærlingen på Plassabakeriet heitte Einar Eidsvåg. Han kom roande over fjorden frå Sveio og gjekk i lære dei siste to åra det var drift. Etterpå drog han til Sauda starta eige bakeri der, og fekk nokre søner. Ein av dei heiter Bjørn Eidsvåg og blei rockeprest.

Etter oppstarten var bakeriet i drift i nøyaktig 100 år, til 1942. Under krigen var det blitt svært vanskeleg å få fatt i mel, så til slutt var det kroken på Plassabakeriets dør. Eitt unntak blei likevel gjort; då det blei feira bryllaup i Vikevik i 1945. Då fyrte dei opp i den gamle omnen til ære for brudefolk og bryllaupsgjester.

Tidlegare var bakeriet berykta for julebrøda og vannkringlene sine. Å bake vannkringler er ein gamal kunst; kringla blir først kokt først i vatn og steikt etterpå. Det driv dei ikkje med i dag, det er ein kunst som erfarne folk driv med til dømes på Gamle Bergen.

Bakeriet blei gjenopna i 1993 på den Europeiske Kulturminnedagen Margaret og Bjørn hadde inga erfaring med baking i steinomn, så det blei mykje prøving og feiling med tilhøyrande svidde brød. I dag er og kundane båtfolk, men kjem meir i skjærgårdsskip enn fiskeskøyter.

Bakeriet er berre ope på laurdagar om sumaren, dersom ein ikkje legg inn ein spesiell bestilling. Det å varme opp omnen er nemleg hard arbeid, og det tar lang tid før den er varm nok til at ein kan steike brød i den. Heile natta må det fyres. Damphevinga er og ein eigen operasjon. Der må det fyres opp i ein eigen liten omn, vatnet i kjelen vert til damp og dampen blir ført i eit røyr inn i eit eige heveskap. Denne teknikken gjer at brødet blir heva svært godt, og det får ei nydeleg, sprø skorpe.

Til Vikevik i Vikebygd reiser ein altså ein laurdag om sommaren, så får ein ein teknisk kulturoppleving samstundes med at magen blir god og full.

Sted

Vindafjord, Rogaland
Plassavegen53

Annonsedetaljer

Annonse-ID 3240
Vist 452
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Gjestehavner

Se og kjøp denne utrolig kvalitets prosjektor!

Reise TV i liten format!

Tidevann

Besøk

Vi har 924 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.