Beskrivelse
Lærdal båteigarlag arbeider for å fremje interessa for bruk av fritidsbåt, og me ser på hamna vår som ein viktig ressurs i kommunen. Me har som mål å ta vare på dei verdiane laget disponerer, og vedlikehalde og vidareutvikle hamneanlegget på ein framtidsretta måte.
Skal du til Lærdal med båt?
På F-brygga ytterst i hamna er plassane 2, 3 og 4 reservert for gjestebåtar. Ta kontakt med hamnesjefen om desse er opptatt.
Hamneavgifta er 150 kr pr døgn for 1-6 døgn, og 125 kr pr døgn for 7 døgn eller meir. Treng du landstraum kostar det 50 kr pr døgn ekstra.
Du kan betale kontant (sjå oppslag på klubbhuset) eller med Vipps nr 526866..
Du kan og, mot ei lita avgift, nytte sanitæranlegg og vaskerom hjå Lærdal Ferie-og fritidspark, som ligg like ved.
Velkommen til Lærdal og hamna vår!