Tlf. Børge Bornstein (+47) 932 08 063
https://www.brudevoll-gard.no/
Beskrivelse
Garden Brudevoll har røter langt tilbake i tid. Den gamle delen av garden stammar frå tidleg 1600-tal (løa er datert til 1622) då gardsdrifta vart tatt oppatt etter at garden hadde leie aude ei tid. Det gamle tunet vart utskilt til museum ca 1960.
Familien vår kjøpte garden i 1976 og har bygd opp nytt tun. Dei første utleigehyttene kom opp i 1991, og vi kombinerer gardsturisme og ordinær gardsdrift. Dei siste 20 åra har drifta vore økologisk, og dette har samanheng med vår interesse i kosthald og miljø.
Vi er sjølve aktive brukarar av naturen rundt oss, både sommar og vinter. Sunnmørsalpane byr på muligheiter for både avslappande familieturar, flotte og enkle fjellturar, og også meir krevjande toppturar. Vi har også eit aktivt klatremiljø her, samt dykkerklubb for dei som likar sjøen.
Sjøen byr også på eit variert turområde, og vi har mange gode fiskeplassar like utanfor båthavna på Rjåneset der båtane våre ligg.
Hjarteleg velkomen til oss!